søndag 27. november 2011

Adventstjerna

Adventstjerna

I lange, kalde vinternatt det vert ei stjerne tent.
Ho minner oss om Frelsaren som Gud har til oss sendt.
Og stjerna, ho vil seie oss at Gud han har oss kjær.
For natta, ho er lang og mørk,
men stjerna, ho er nær.


Den natta der ved Betlehem for fyrste gong ho skein.
Ho var eit lys for Frelsaren, som låg der, god og rein.
Å, kunne dette lyset nå til heile verda vår!
For verda, ho er vond og mørk,
men stjerna, ho er klår!


Vi tenner adventlyset vårt i denne trygge von
at sterkare enn vinternatt er lyset frå Guds son.
Han bad oss bere lyset ut til dei som svelt og frys.
For verda, ho er kald og mørk,
men stjerna, ho er lys!


Å tenne lys der mørkret rår, det minner stjerna om.
For slik var vegen som han gjekk, den Frelsaren som kom.
Ho bed om tid og hjarterom for alle rundt på jord.
For verda er så kald og trong.
Men Frelsaren er stor!
Johan Sorknes
-------------------

1 kommentar:

Bundingen sa...

Vakre adventvers! Synes det blir ekstra sterk når det er skrevet på nynorsk. Takk for at du fant fram disse versa, og god adventstid!